Den Originale Festbunad Øvre Hallingdal. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Festbunad Øvre Hallingdal Se bilde av hele bunaden

Festbunad Øvre Hallingdal

Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då ”Empire-moten” med høgt liv, var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Ullbroderi i friske farger er eit kjenneteikn for Hallingsaumen. Det er mange ulike broderi å velge mellom.

I øvre Hallingdal, Ål og Hol vert det brukt forklede i svart ulldamask. Stakken er i eit tynnare ullstoff. Ulike hovudplagg har vorte brukt tidlegare, medan luva er den som vert mest brukt i dag. Eit silketørklede kan og bli knytta over luva. .Det vert og brukt halsklut i silke. Skjorta er i kvit bomull med kvitsaumsbroderi. Tradisjonelt bunadssylv er Hallingheng med spenner og ei stor sølje. Om ein brukar stutttrøye / jakke til bunaden kan ein ha på seg bringeklut og fyrierma. Om ein ikkje har stuttrøye kan ein bruke ullsjal. Veske med broderi høyrer til.

Kr. 53.000,-*

* Inkl. stakk i tynn to-skaft, brodert liv, stakkeband, forkleband, lue og veske. Skjorte og sølv kommer i tillegg.

Denne bunaden blir sydd hos Norsk Flid Husfliden Hallingdal.