Den Originale Kyrkjestakk, Tora . Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Kyrkjestakk, Tora Se bilde av hele bunaden

Kyrkjestakk, Tora

I Øvre Hallingdal (Ål og Hol), gjekk enkelte eldre kvinner med stakk heilt fram til 1980-tallet. Stakken var eit plagg som vart brukt til alt. Den finaste stakken var kyrkjestakken, i svart stakkestoff med tjukksaumsbrodei, og med kvit stakkeskjorte. Meir uvande stakkar var andre fargar eller i rutete og stipete ullstoff. I dag blir stakken brukt til høgtid og utvalet av stakkar og skjorter er stort!

Torastakken er ein kyrkjestakk, med svart stakkestoff i to-skaft, smokingstoff, drapé eller ulldamask. Livet er i ullklede med tjukksaumsbroderi i tradisjonelle fargar, pynta med blomsterband. Stakkebandet er og ullklede med tjukksaumsbroderi.

Stakkeskjorta kan vera i kvit bomull eller lin med broderier på krage og mansjett, eller den kan vera i silke, småblomstrete bomull eller rutete bomull. Sylvet er enklare enn på festbunaden, gjerne med halsring, enkel sølje og olinenål. Til stakken brukar ein livhjul, som er eit skinnbelte med sølvspenne. Veske i same stoff og broderi som stakken, med pompadurfasong, høver godt til stakken. Utanpå stakken kan ein bruke stuttrøye eller sjal. Hovudplagg til stakken r gjerne eit skaut.

Kr. 25.000,-*

* Inkl. stakk i smokingstoff og brodert liv og stakkeband. Skjorte, veske og sølv kommer i tillegg.