Den Originale Festbunad, Nes. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Festbunad, Nes Se bilde av hele bunaden

Festbunad, Nes

Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då ”Empire-moten” med høgt liv, var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Ullbroderi i friske farger er eit kjenneteikn for Hallingsaumen. Det er ulike broderi å velge mellom.

På Nes vart det frå gamalt av brodert rett på stakken, men i dag kan ein og ha broderte band nede på stakken. Det blir brukt forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmouseline. Det svarte stakkestoffet er anten to-skaft eller smokingstoff. Skjorta er i kvit bomull med kvitsaumsbroderi. Tradisjonelt bunadssylv er Hallingheng med spenner, halsring og ei stor sølje. Om ein brukar stutt-trøye / jakke til bunaden kan ein ha på seg bringeklut, fyrierma og eit laustsitjande silketørklede som er knytta på sida. Silketørklede kan og bli knytta over luva. Om ein ikkje har stutt-trøye kan ein bruke ullsjal. Vinterstid kan ein bruke Køyrekjol, som er lang og dekkjer heile bunaden. Køyrekjolen vart brukt i heile Hallingdal. Veske med broderi høyrer til.

Kr. 42.000,-*

* Inkl. stakk i smokingstoff, broderi direkte på stakk, broderte liv, lue og veske. Skjorte og sølv kommer i tillegg.