Den Originale Festbunad Flå. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Festbunad Flå Se bilde av hele bunaden

Festbunad Flå

Bunad fra Buskerud fylke. 

Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då ”Empire-moten” med høgt liv, var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Ullbroderi i friske farger er eit kjenneteikn for Hallingsaumen. Det er ulike broderi å velge mellom.
Festbunaden frå Flå liknar med eit særprega snitt, meir på bunadene nedover dalen; Krødsherad og omegn. Livet er sidare og bunaden har vest med sjarteliv. Det blir brodert rett på stakken og brukt forklede i rutete ullstoff eller blomstrete ullmouseline. Det svarte stakkestoffet er anten to-skaft eller smokingstoff. Vesten er sydd i ull eller silke, pynta med gull- eller sølvband. Skjorta er i kvit bomull eller lin med kvitsaum, plattsaum- eller korsstingbroderi. Bringekluten er perlebrodert. Tradisjonelt bunadssylv er spenner, halsring og ei stor sølje. Ein kan bruke sjartetrøye / jakke til bunaden, den har same sjarteliv som vesten, og fylgjer ryggen. Silketørklede kan vera laustsitjande og knytta på sida. Silketørklede kan og bli knytta over luva. Om ein ikkje har stuttrøye kan ein bruke ullsjal. Vinterstid kan ein bruke Køyrekjol, som er lang og dekkjer heile bunaden. Køyrekjolen vart brukt i heile Hallingdal. Veske / lomme med broderi høyrer til.

Kr. 51.000,-*

*Inkl. stakk med broderi, vest i ulldamask, brodert lue og veske. Skjorte, sølv og trøye kommer i tillegg.