Den Orginale Mannsbunad, Kvittrøye. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Mannsbunad, Kvittrøye

Mannsbunad, Kvittrøye

I det store og heile har det vorte nytta same slags mannsbunadar i heile Hallingdal. Mannsbunaden kom i bruk på 1700-talet og modellane har vorte påverka av bl.a. uniformsjakker frå militæret. Karane reiste meir rundt og staskleda deira var ofte skreddarsydde.
Bunaden med kvit trøye er ein eldre bunadsmodell frå slutten av 1700 talet /byrjinga på 1800 talet. Den har brodert jakke og bukse, og raud vest, - alt i ullklede. Denne modellen blir og kalla ”brudgomsbunad”, men den er ein festbunad på lik linje med dei andre herrebunadane. Til knebuksa høver det seg med lyse eller mønstra knestrømper og hoseband. Hovudplagget er kolleluve

Ein brettar eit silketørklede i ein passe brei rull, legg den rundt halskragen og knytta ein rein dobbeltknute framme. Endane legg ein på kvar si side. I dag brukar mange ferdigmonterte halsklutar. Fyrierma er sydd på stramei med bunadsgarn og perler. Det finnes mange mønster og ofte vert initialer eller årstal sydd på. Sylvknappar, halsring eller enkel knappesølje, kjede og lommeur er vanleg tilbehør.

Kr. 47.200,-*

* Inkl. brodert jakke, bukse og vest. Skjorte og sølv kommer i tillegg.