Den Orginale Mannsbunad, Fiskekjølkje. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Mannsbunad, Fiskekjølkje

Mannsbunad, Fiskekjølkje

I det store og heile har det vorte nytta same slags mannsbunadar i heile Hallingdal. Mannsbunaden kom i bruk på 1700-talet og modellane har vorte påverka av bl.a. uniformsjakker frå militæret. Karane reiste meir rundt og staskleda deira var ofte skreddarsydde.

Modellen med lang jakke er ein eldre herrebunad i Hallingdal, frå 1700-talet. Den er særleg mykje brukt i nedre del av Hallingdal. Den blir sydd i svart klede med ei lengre jakke. Det er valfritt stoff og farge på vest. Her kan ein ha vest i ullklede, ulldamask, silkedamask eller mømstrete silkestoff. Det blir brukt både kort og lang bukse. Til knebuksa høver det seg med lyse eller mønstra knestrømper og hoseband. Hovudplagg er kolleluve eller hatt
Til bunaden blir det nytta skjorte i kvitt bomullsstoff, der krage og evt. mansjettar har kvitsaumsbroderi. Finnes ulike mønster.
Ein brettar eit silketørklede i ein passe brei rull, legg den rundt halskragen og knytta ein rein dobbeltknute framme. Endane legg ein på kvar si side. I dag brukar mange ferdigmonterte halsklutar. Fyrierma er sydd på stramei med bunadsgarn og perler. Det finnes mange mønster og ofte vert initialer eller årstal sydd på. Sylvknappar, halsring eller enkel knappesølje, kjede og lommeur er vanleg tilbehør.

Kr. 35.500,-*

* Inkl. jakke, vest og bukse. Skjorte og sølv kommer i tillegg.