Den Orginale Helgestakk, jente. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Helgestakk, jente

Helgestakk, jente

I Øvre Hallingdal (Ål og Hol), gjekk enkelte eldre kvinner med stakk heilt fram til 1980-tallet. Stakken var eit plagg som vart brukt til alt. Den finaste stakken var kyrkjestakken, i svart stakkestoff med tjukksaumsbrodei, og med kvit stakkeskjorte. Meir uvande stakkar var andre fargar eller i rutete og stipete ullstoff. I dag blir stakken brukt til høgtid og utvalet av stakkar og skjorter er stort! Jentestakken er som ein liten kopi av damestakken.

Stakken kan vera i to-skaft, smokingstoff, drapé, ulldamask eller rutete bomullsstoff. Stakkestoffet kan vera einsfarga svart, blått, grønt eller rutete og stripete. Livet kan vera i ullklede, ulldamask, silkedamask eller kalemanke. Det kan ha broderi, vera pynta med blomterband og perlesnor. Stakkebandet kan vera hekla, brodert på stramei eller klede, eller vera eit ”kjøpeband”. Dei eldste stakkebanda vart vevde på bandvev. Seinare kom det stramei, og då vart det broderte stakkeband, mange av desse er kopi av vevmønster. Dei broderte rosebanda er gjerne kopi av kjøpte roseband.
Stakkeskjorta kan vera i både kvit, blomstrete og rutete bomull. Kragane kunne vera enkle, med nuppereller. Ei enkel sølje eller liten olinenål passar fint. Etter kort som dei blir eldre kan dei bruke livhjul, som er eit skinnbelte med sølvspenne. Utanpå stakken kan ein bruke eit sjal. Hovudplagg til stakken er gjerne eit skaut.

Liten (ca 2-6 år): kr. 6.500,-*

Stor (ca 5-12 år): kr. 7.900,-*

* Inkl. stakk i smokingstoff, liv m/pyntebånd. Skjorte, sølv og evnt. håndbroderte stakkebånd kommer i tillegg.