Den Orginale Festbunad Øvre Hallingdal. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Festbunad Øvre Hallingdal

Festbunad Øvre Hallingdal

Festbunaden for kvinner kom på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet, då ”Empire-moten” med høgt liv, var rådane i Europa. Frå gamalt vart den brodert på frihand, seinare vart det påtegna mønster på klede. Ullbroderi i friske farger er eit kjenneteikn for Hallingsaumen. Det er mange ulike broderi å velge mellom.

I øvre Hallingdal, Ål og Hol vert det brukt forklede i svart ulldamask. Stakken er i eit tynnare ullstoff. Ulike hovudplagg har vorte brukt tidlegare, medan luva er den som vert mest brukt i dag. Eit silketørklede kan og bli knytta over luva. .Det vert og brukt halsklut i silke. Skjorta er i kvit bomull med kvitsaumsbroderi. Tradisjonelt bunadssylv er Hallingheng med spenner og ei stor sølje. Om ein brukar stutttrøye / jakke til bunaden kan ein ha på seg bringeklut og fyrierma. Om ein ikkje har stuttrøye kan ein bruke ullsjal. Vinterstid kan ein bruke Køyrekjol, som er lang og dekkjer heile bunaden. Køyrekjolen vart brukt i heile Hallingdal. Veske med broderi høyrer til.

Kr. 36.500,-*

* Inkl. stakk i smoking, brodert liv, stakkeband, forkleband, lue og veske. Skjorte og sølv kommer i tillegg.