Setesdal

VELKOMMEN TIL OSS

Vår kunnskap om Setesdalsbunaden er bygd opp gjennom generasjoner. Kjøp av bunad er ei innvestering.
Vi ynskjer difor å yte god rådgjeving og tett oppfylgjing, slik at du vert stolt og glad brukar av Setesdalsbunaden.

Vi syr bunadene i Valle i Setesdal.

Kontakt oss på telefon 47 65 04 95 for bestilling eller spørsmål. 

Kvinnedrakta i Setesdal

Kvinnedrakta i Setesdal har vore bruka i frå slutten av 1700- talet, altså omkring 300 år.

Stakken består av ein understakk, kvitstakken, og ein svartstakk, overstakken. Kvitstakken var til arbeid medan svartstakken tok ein på til fint, og når det vart kaldt. Stakken er laga av klede og vadmål, og plisse bak.

Til fint kan ein ha på seg ei Blåkopte over stakken, til dagleg kan ein nytte Gråkopta som ytterplagg.

Til kyrkje vart Kyrkjetjeld eller Tæpe jamnt bruka.

Herre

Setesdalsbunaden til herre vert ofte kalla Skinnfo eller Dalebukse.

Når ein ser buksa bakanifrå ser ein tydeleg kvifor den vert kalla Skinnfo.

Buksa har vore i bruk i omlag 150 år. Den er laga i vadmål, klede og skinn.

På kalde dagar kan det vere godt å ha ei lusekofte innom buksa, eller ei rundtrøye over vesten.

Konfirmasjonsklede

Konfirmantane blir idag oftast kledd med vanlege kyrkjeklede. Men me merkar med stor glede at dei gamle tradisjonane for jentane er på veg attende. For gutane er der ingen skilnader mellom den vanlege bunaden og konfirmasjonsbunaden.


Fram til 1930 åra brukte jentane ofte eitt kvitt førekle med blonder på, det var og vanleg å bruke silkeplagg på hovudet. Sjå bilete.

Spretti og Sprota var ei omtykt konfirmasjonsgåve. Fram til konfirmasjonsdagen bruka ein slengde sokkeband.

Muflar høyrer og med på den store dagen, også dei vart ofte gjeve som konfirmasjonsgåve.

Lusekofta

Lusekofta har vore bruka av mannfolk heilt ifrå 1850-åra. På tredvetalet vart Setesdalskofta presentera i eitt moderne vekeblad, etter det vart den utvikla til jakker og gensere for alle, kvinner og menn, store og små.

Kofta fins idag i mange variantar, med ulike mønsterbordar, fargar og garntyper. Men skal ein bruke den saman med dalebuksa, er der reglar på korleis den skal sjå ut.

Broderier er brodert for hand. Kofta kan bestillast hand-eller maskinstrikka.

Setesdal Husflid har designa fleire kofter. Alle med inspirasjon ifrå bunaden.

Koftene vert produsert lokalt, og er laga av 100 % rein norsk ull.

 

Har du spørsmål eller ønsker å bestille, kontakt oss på telefon 476 50 495 eller setesdal@norskflid.no

Husflidens design

Setesdal Husflid har designa fleire kofter. Alle med inspirasjon ifrå bunaden.

Koftene vert produsert lokalt, og er laga av 100 % rein norsk ull.

Har du spørsmål eller ønsker å bestille, kontakt oss på telefon 476 50 495 eller setesdal@norskflid.no

Grautkopte

"Jakka var varm som graut..", sa dei gamle.

Det er ifrå dette kopta har fått namnet sitt.



Grautkopta er kjent bruka sidan 1870. Då bruka dei den både utanpå og innafor buksa. Idag nyttar me Grautkopta som eitt stasplagg og pyntar den med både sylv og langt meir broderi enn tidlegare. Det er sjeldan ho vert bruka ilag med buksa idag.

Vaksen: NOK 4.500,-

Born: Ta kontakt på telefon 37 93 73 08 eller setesdal@norskflid.no

Barn

Det er ingen store forskjeller på born og vaksne sine drakter. Så fort gutane heldt seg tørre fekk dei same bukse som dei vaksne. Nokre gutar nytta Gutekjole fram til den tid. Sjå bilete.


Det er avbilda småjenter heilt ned i 1 års alder med både svart og kvitstakk på, idag brukar dei aller minste jentene ofte berre kvitstakk.

GRÅKOPTE
Dette var ei kvardagskopte. Blåkopta var meint til finbruk, medan denne var til dagleg bruk.