Den Originale Sidliva stakk Gol / Hemsedal . Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Sidliva stakk Gol / Hemsedal Se bilde av hele bunaden

Sidliva stakk Gol / Hemsedal

I Øvre Hallingdal (Ål og Hol), gjekk enkelte eldre kvinner med stakk heilt fram til 1980-tallet. Stakken var eit plagg som vart brukt til alt. Den finaste stakken var kyrkjestakken, i svart stakkestoff med tjukksaumsbrodei, og med kvit stakkeskjorte. Meir uvande stakkar var andre fargar eller i rutete og stipete ullstoff. I dag blir stakken brukt til høgtid og utvalet av stakkar og skjorter er stort!

Denne stakken skil seg ut frå dei andre stakkene med at han har sidt liv og ei trøye som ser ut til å vera sterkt påverka av bymoten med isatte ermar og rynking på aksla. Stakken vart brukt til alle bruksområder, men gjekk av moten på 1940-1950 talet. Skjortene var gjerne i rutete stoff og vinterskjorta var dessutan fora.
Stakkestoff i to-skaft, smokingstoff, drapé eller ulldamask. Stakkebandet kan vera hekla, broderte strameiband eller smettaband.
Stakkeskjorta kan vera i rutete bomull, gjerne med eit bryststykke i fløyel og pynta med blomsterband. Mansjettar i fløyel og med pynteband. Ellers vart det og brukt skjorter i småblomstrete bomull. Sylvet er enklare enn på festbunaden, gjerne med halsring, enkel sølje og olinenål. Til stakken brukar ein livhjul, som er eit skinnbelte med sølvspenne. Veske i same stoff og broderi som stakken, med pompadurfasong, høver godt til stakken. Utanpå stakken kan ein bruke eit sjal. Hovudplagg til stakken er gjerne eit skaut.

Kr. 13.500,-*

* Inkl. stakk i smokingstoff. Skjorte, sølv og evnt. håndbroderte stakkeband kommer i tillegg.