Den Orginale Rukkastakk / Foldadås m/ snøreliv. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Rukkastakk / Foldadås m/ snøreliv

Rukkastakk / Foldadås m/ snøreliv

Rukkastakk og Foldadås vart brukt frå slutten av 1600-talet og fram til 1840-åra. Husflidens modeller er rekonstruert etter modell på Hallingdal Folkemuseum Nes, bøkene til Ågot Noss og teikningar av Flinto

Stakken er laga i to-skaft og det er folda ( Foldadås) eller rynka (Rukkastakk). Rukkastakk betyr ”rynka skjørt / stakk”. Foldadås betyr ” folda skjørt / stakk / dås”. Forklede er i svart ulldamask, eller i eit lyst, trykt bomullstoff. Damaskforkledet kan ha brodert forkleband. Livet er laga i silkedamask, ulldamask eller kallemanke og det blir snørt saman med ei sylvsnor.Tradisjonelt bunadsylv med søljer. I skjorta er det mest tidsriktig å bruke lin, med brodert krage og mansjettar, kvitsaum, plattsaum eller korssting. Beltet kan vera skinnlist med sylvspenner, stølebelte eller vevd / smetta belte. Stutttrøye / jakke kan brukast til bunaden, og då kan ein ha eit laustsitjande silketørklede i halsen som er knytta på sida. Om ein ikkje har stuttrøye kan ein bruke ullsjal. Veska kan ha veskelås eller pompadur-fasong.

Rukkastakk: kr. 27.000,-*

 Foldadås: kr. 30.800,-*

* Inkl. liv i ulldamask, stakk og forkle. Skjorte, sølv, veske og evnt. brodert stakkeband kommer i tillegg.