Den Orginale Kniplastakk, Flå. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Kniplastakk, Flå

Kniplastakk, Flå

I Øvre Hallingdal (Ål og Hol), gjekk enkelte eldre kvinner med stakk heilt fram til 1980-tallet. Stakken var eit plagg som vart brukt til alt. Den finaste stakken var kyrkjestakken, i svart stakkestoff med tjukksaumsbrodei, og med kvit stakkeskjorte. Meir uvande stakkar var andre fargar eller i rutete og stipete ullstoff. I dag blir stakken brukt til høgtid og utvalet av stakkar og skjorter er stort!

I Flå har dei ikkje hatt nokon særskild helgestakk. Plagga var eins i snitt, men i ulike materialar og ulik pynt. Stakken har kniplaband nederst på stakken, og brukast med småblomstrete skjorte og livhjul. Om ein tek av beltte, bytter til kvit skjorte, tek på sjartevest og forklede - så har du ein festbunad! Sylvet er enkelt, gjerne med ein halsring og ei stor sølje. Hovudplagg til bunaden er ei luve med silkeband.