Den Orginale Helgekleu. Sydd for å vare i generasjoner
Bilde av Helgekleu

Helgekleu

I det store og heile har det vorte nytta same slags mannsbunadar i heile Hallingdal. Mannsbunaden kom i bruk på 1700-talet og modellane har vorte påverka av bl.a. uniformsjakker frå militæret. Karane reiste meir rundt og staskleda deira var ofte skreddarsydde.

Helgekleu er frå slutten av 1700-talet / tidleg på 1800-talet. Dei er tufta på gamle arbeidsklede og har same bruksområde som stakken for damer. Kleun består av vest og lemmebukse, laga i ullklede. Det blir brukt både kort og lang bukse. Til knebuksa høver det seg med lyse eller mønstra knestrømper og hoseband. Skjorte er laga i rutete bomull, med busserull-fasong. Hovudplagg er hatt. Knappane er ofte i tinn og ein kan gjerne pynte med ei kryssnål.

Kr. 13.900,-*

* Inkl. skjorte og sølv kommer i tillegg.